Bilde av Alt Er Høy Av Helge Torvund
 

Alt Er Høy Av Helge Torvund

Helge Torvund debuterte for 30 år sidan med diktsamlinga Hendene i byen. Han har sidan publisert ei lang rekkje diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar og essay. Alt er høy er hans 25. diktsamling. Her utvidar og utviklar han sitt poetiske univers. Gjennom lange linjer flettar han saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet. Sagt om forfattarskapen: ... [Torvund] står på jorda 'fylt til leppene av det verkelege'. Her står han og arbeider med forholdet mellom ord og ting. Ikkje ut frå ei naiv tru på einskap og heilskap i verda, men ut frå språkkunstnaren si mistru til klisjéfylt kvardagsspråk og sløvande maktspråk. Men Torvund sitt språkkritiske arbeid er ikkje - som hos tradisjonskritikarar som Georg Johannesen og Einar Økland - undergravande paradoksfylt eller ironisk negativt. Han lagar i staden presist sansa motbilete, set bitane saman på nye måtar, bygger nye samanhengar mellom røynd og ord. Sigrid Bø Grønstøl i Vestlandets historie, bind 3 Kultur (Vigmostad & Bjørke, 2006)

Pris: kr 273.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Alt Er Høy Av Helge Torvund Se butikk kr 300
TILBUD! kr 273.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON