Bilde av Astrid Av Borgny Feten, Olav Randen
 

Astrid Av Borgny Feten, Olav Randen

Omsorgsarbeidaren Astrid Haugen <br/>Astrid Haugen (1915-94) frå Leveld, Ål i Hallingdal brukte sitt liv i tenest for sambygdingar. I ei tid då det offentlege hjelpeapparatet enno var lite utbygt, stilte ho opp når einkvan var sjuk, når eit barn skulle kome til verda eller ein eldre person trong hjelp. <br/>Slike som Astrid, dei lokale omsorgsarbeidarane, fekk sjeldan fortenestmedaljar og omtalar ved runde år eller livsslutt. Dei hadde knapt nok ein yrkestittel eller ein yrkesstatus, og ikkje dei verneordningane som gjaldt i det meste av arbeidslivet. Og dei er ei så å seie bortgløymd yrkesgruppe i norsk historie. Men folk i bygd og by var avhengige av at slike fanst. <br/>Med Astrid sine dagbøker og notat, ymse lagsarkiv, informantar og eigne minne som kjelder, og med eit omfattande biletmateriale i fargar, presenterer Borgny Feten Astrid sitt liv. Olav Randen set i ein sluttartikkel Astrid si gjerning inn i ein historisk samanheng. <br/>Leveld kunstnartun, som omfattar huset til Astrid, loftet etter Jens Bjørneboe, ein tidlegare lærarbustad og eit moderne bygg, står saman med Boksmia forlag om å lyfte Astrid og dei lokale omsorgsarbeidarane inn i historia.

Pris: kr 255.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Astrid Av Borgny Feten, Olav Randen Se butikk kr 280
TILBUD! kr 255.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON