Bilde av Automatiseringssystem 1 Av Jon Eirik Standal Darre, Petter Skaraas
 

Automatiseringssystem 1 Av Jon Eirik Standal Darre, Petter Skaraas

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i faget automatiseringssystem for Vg2 og Vg3 etter fagfornyinga. Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein nettressurs.<br/>Automatiseringssystem 1 dekkjer temaa elektriske motoranlegg, mekaniske grensebrytarar og elektroniske sensorar, pneumatiske anlegg, PLS, datakommunikasjon og elektronisk kommunikasjon, dokumentasjon og systemforståing, målenøyaktigheit og kalibrering. I tillegg inneheld boka kapittel om måling av trykk, nivå, temperatur, gjennomstrøyming, turtal og posisjon.<br/>Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i over ni år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning.<br/>Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå OsloMet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.

Pris: kr 969.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Automatiseringssystem 1 Av Jon Eirik Standal Darre, Petter Skaraas Se butikk kr 969.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON