Dette er ei bok om tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Her har sjøen og aktivitetar knytte til den vore viktigaste næringsveg, og knapt noko anna fylke har eit så rikhaldig utval av tradisjonsbåtar. Denne boka er ein oppfølgjar til boka «Å tenkje geitbåt og byggje ein» (2014), som først og fremst tok for seg geitbåten ut frå prinsippet om at alle mål bor i færingen. Den gåtefulle snidbetningen blir presentert i denne boka. Etter at desse to gamle båttypane geitbåt og snidbetning gjekk ut av produksjon, fekk vi mange nye typar og variantar: lystringar, møringar, flatbotningar, prammar, doryar og fleire slags notbåtar, kravellbygde fiskebåtar og klinkbygde motorbåtar. Dei tre store elvane i fylket hadde dessutan kvar sine elvebåtar. Vi følgjer fire båttypar gjennom heile byggjeprosessen: nordmørslystring, flatbotna pram, beingangar og kravellbygd fiskebåt. Dei største båtbyggjarbygdene i Møre og Romsdal var Vestnes og Tresfjord. Vi får glimt frå det eventyret i denne boka. Byggjetempoet kunne vere svært høgt på det meste kunne det gå ut båt kvar dag frå dei største båtbyggjeria. Det var i Vestnes at det på slutten av 1800-talet vart i tillegg til dei mindre òg bygd store farkostar for utaskjers fiske. Etter kvart dreidde produksjonen seg mot fartøy og hjelpebåtar for sildefiske. Då sildefisket braut saman, kom sjarktida, med bygging av små motorbåtar etter same prinsipp som for doryar og basbåtar til sildefiskeria. Og då oljealderen sette inn, vart lystbåtar eit viktig produkt. Overgang frå øks til sag var eit viktig sprang i teknologi, og det var òg skiftet frå å byggje i klink til å byggje i kravell. Desse to følgdest åt heilt til plast og aluminium tok over som byggjematerialar i dei siste tiåra av 1900-talet.Boka har med eit kapittel om bygging av stø med vorr. Radikalt nytt stoff kjem også i eit kapittel om testing av to tradisjonsbåtar i Skipsmodelltanken i Trondheim. «Leseren trekkes inn i en nesten magisk sfære der teksten balanserer mellom å være en lærebok og en veiviser inn i en verden av glemt innsikt og livsvisdom.» - Stein Arne Sæther, Adresseavisen.
Pris: kr 649.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
kr 649.00 | Besøk butikk |
Velkommen til fiskefylket Møre og Romsdal! Bli med til vakre Ålesund eller praktfulle Geirangerfjorden . ta deg en tur i Trollheimen, Trollstigen eller Trollveggen, og nyt utsikten fra et av fylkets mange, mange fjell.Har du noen gang spist en pizza...
kr 39.00
Mer informasjon
Møre og Romsdal, som ofte blir omtalt som eit fogderifylke, har vore kjenneteikna av ei rekke langvarige og utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Mange har vist til interne kulturelle, administrative...
kr 420.00
Mer informasjon
Dette er ei bok om det å lafte. Laftaren uttrykkjer seg i rørsler med eit verktøy mot materialar. Det er handverk. Når huset er ferdig, ligg verktyet i ro. Det er som med felespelaren. Når slåtten er låten, ligg bogen i ro. Det er kva tømraren...
kr 679.00
Mer informasjon
Dette er band 2 i serien om det å lafte. Denne boka rettar blikket sitt i litt andre retningar enn band 1. Vi går gjennom det vi kallar kategoriar av hus, bruksføremål for ymse lafta hus, der vi også kjem inn på ordtydingar. Dei er både løglege...
kr 739.00
Mer informasjon