Bilde av Dei Harde Trettiåra Av Knut Kjeldstadli

Dei Harde Trettiåra Av Knut Kjeldstadli

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

Den store depresjonen var ei verdsomfattande krise, prega av massearbeidsløyse og djupe politiske og sosiale konflikter. Også for nordmenn var tjuge- og trettiåra harde, og spora har sete fast i familiar i generasjonar. Men konfliktane i denne tida la også mykje av grunnlaget for etterkrigstidas velferdsstat.

I denne boka tek historikar Knut Kjeldstadli for seg korleis krisa starta i USA på slutten av 1920-talet, med kollaps på børsen og uår i jordbruket, og korleis den tøffe tida hadde ringverknader for arbeidsfolk, politikk og økonomi i Noreg. Som i dag var krisa også den gongen brensel for dei høgreradikale kreftane. Arbeidarleiaren Arthur Berby kommenterte i 1931 det store gapet mellom dei bemidla og dei arbeidslause: «Det blir på den måten et bunnløst svelg mellom oss. Og fascistene finner rørte vanne å fiske i».

Mens dei fascistiske kreftene kom til makta i fleire land, gav konfliktane på trettitalet Arbeiderpartiet stor drivkraft i åra framover, og partiet fekk mykje av æra for å avskaffe arbeidsløysa - ei sanning med store modifikasjonar. Eit dobbelt klassekompromiss vart inngått i 1935, med hovedavtala mellom LO og arbeidsgivarane, og Kriseforliket mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet. Mellomkrigstida tona ut med sterk allmenn tru på verdet av samfunnsorganisasjon, ein forlaupar for etterkrigstidas velferdsstat.

Knut Kjeldstadli (f. 1948) er pensjonert professor i historie ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bøker, deriblant Fortida er ikke hva den engang var. En innføring i historiefaget (1992), Et splittet samfunn. Aschehougs Norges-historie 1905-1935 (1994) og Innvandringen til Norge 900 til 2010 (2014). Kjeldstadli var redaktør og forf

Pris: kr 272.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Dei Harde Trettiåra Av Knut Kjeldstadli Se butikk kr 299
TILBUD! kr 272.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON