Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. Utgåva gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er ugjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», står det på tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmåten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar. Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert resultata både i vitskapleg og populær form.
Pris: kr 341.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 341.00 |
Besøk butikk |
Bibelen 3.0 inviterer leseren inn i verkstedet hvor bibeloversettelsesarbeidet har foregått. Hvilke utfordringer og problemer støter oversetterne på? Hva er nytt i Bibel 2011, og hva kunne vært annerledes?
kr 180.00
Mer informasjon
Kristendomen har ei tusenårig historie i Noreg. I dette oversiktsverket gir forfattarane ei samla framstilling av denne historia, frå kristningsperioden og fram til vår eiga samtid. <br/> <br/>I løpet av dette tidsspennet har kristendomen...
kr 511.00
Mer informasjon
Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har...
kr 808.00
Mer informasjon
Bildene som fremkommer når en leser Bibelen kan være vanskelige å tyde, de kan være grove og til tider preget av vold. Hvordan kan Det gamle testamentets gudsbilde være forenelig med bildene av Jesus Kristus som vi kjenner fra Det nye testamente?...
kr 136.00
Mer informasjon