Dristige og hudlause dikt
«5480 dagar av livet mitt forsvinn aldri». Dagane det er snakk om, er dei dagane kroppen til dikt-eget var i kamp med seg sjølv, dei dagane spiseforstyrringa styrte tilværet hennar. Dristig og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi; det skambelagde. Men Der vi gøymer løyndommar er meir enn ei sjukdomshistorie. Det er dikt som med stor poetisk kraft og myndigheit tematiserer konfliktar mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Det handlar om kroppen som språk, som kommunikasjon. Det handlar om å arbeide, i ein prosess, til skamma og frykta for å stole på seg sjølv og andre vert mindre. Heilt til dei 5480 dagane er fortid, sjølv om dei aldri forsvinn.
Bokmeldarane meiner:

"Riises dikt opererer på eit anna nivå enn sjølvutleverande sjukdomsvedkjenningar som dukkar opp i media. Det gjeld ikkje minst på det språklege planet. Det er finstemt, nake, direkte. Linjene er påfallande metaforfattige og frie for sensasjonelle eksessar og overdrivingar, som jo er eit trekk ved lidinga. Språkmedvitet er nærast asketisk regulert. Eit underliggjande trykk og ein skarp desperasjon er likevel høgst merkbart: 'Å endre forteljinga / med kroppen, det som blei sagt / ligg mellom fingrane i halsen.'"
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
"Innimellom jegets skildringer av kroppshatet lyser det gjennom et ønske om formidling, en vilje til å la språket dra henne tilbake til livet. Der vi gøymer løyndommar er en erkjennelse av kroppen som et rom man aldri kan forlate. Riise lykkes med å la døren stå på gløtt."
Agnes Banach, Klassekampen
"Riise er ein poet som gjev alt, og dikta er presise, utan longørar eller klisjear."
Tore Elias Hoel, Dag og Tid
"Der vi gøymer løyndommar speler fiolin på deg, varsamt, med såre strenger som gir gjenklang i ei gløymd sorg. (...) Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!"
Hjørdis-Linnea Myhre, Framtida.no
Pris: kr 199.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 199.00 | Besøk butikk |
Storesyster forsvinn. Attende sit veslesystera med sakn, sorg, minner. Eg treng tid til å sakna deg handlar om syskenkjærleik, men òg om kjærleik i andre former og relasjonar. Det handlar om å leve gjennom minnet om systera, i ein sorgtilstand der...
kr 169.00
Mer informasjon
17 år gammel, og mot alle eksperters råd, reiste John Arne Riise alene ut i verden for å følge drømmen om å bli fotballproff. Det ble starten på Norges kanskje største fotballkarriere, og en historie om å ofre alt, og om å vinne alt - bortsett...
kr 149.00
Mer informasjon
An edited volume discussing the underpinning concepts of citizenship, agency, and participation in the context of the everyday lives of people living with a dementia. The editors explain the theoretical underpinning of citizenship before the contributors...
kr 399.00
Mer informasjon
Overgangen fra å være sliten, utslitt og over i ren utmattelse skjer ikke over natten.
Man merker ikke når man viljeløst glir gjennom den usynlige veggen fra utslitthet til utmattelse. Men man merker at man er kommet dit.
I...
kr 259.00
Mer informasjon