Bilde av Dialektar Som Skriftspråk I Tre Norske Distrikt Av Lars S. Vikør
 

Dialektar Som Skriftspråk I Tre Norske Distrikt Av Lars S. Vikør

Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt er ein jamførande studie av korleis dialektskribentar har gått fram når dei har skrive dialekten sin i tekster for vanlege folk. Dei tre distrikta er Gudbrandsdalen, Indre Hordaland (Voss og Hardanger) og Trøndelag. <br/>...Hovudmålet med boka er å vise korleis skribentane balanserer mellom omsynet til sjølve dialektfonologien, som inneheld lydar og nyansar som alfabetet ikkje har bokstavar for, og omsynet til at det skal kunne lesas av folk som er vane med skriftbilda i bokmål og nynorsk og dermed kan ha tungt for å lese sin eigen dialekt. Dette opnar for mye kompromissing, og det er eit heilt spektrum frå skribentar som prøver å vere så dialekttrugne som råd til slike som går langt i retning av normalortografien for å gjere tekstene meir lettlesne.<br/>...Boka inneheld langt på veg fullstendige oversyn over dialektskribentar og publiserte dialekttekster i dei tre distrikta. Skribentane blir presentert ein for ein og dei ortografiske strategiane deira analysert, og det blir gitt ei tekstprøve av kvar forfattar. Så blir den ortografiske behandlinga av dei ulike trekka i lydsystemet . tjukk l, palatale konsonantar, spesielle vokallydar, og mye meir - jamført innanfor heile forfattargruppa i kvart av distrikta. Til slutt blir det heile avslutta med ein oppsummerande konklusjon og ein rikhaldig bibliografi.<br/>

Pris: kr 338.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Dialektar Som Skriftspråk I Tre Norske Distrikt Av Lars S. Vikør Se butikk kr 338.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON