Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.
I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Her finn du kapittelet «Rettar som lagar seg sjølv» for dei med lita tid og mange gjestar, «Frå hage til mage» til dei med grøne fingrar og uante mengder etande ugras. Kva med friterte blomar til middag? Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.
Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet. Med anekdotar som frå si eiga bryllaupsreise, jakta på den perfekte «crepe» og verdas mest tolmodige kone skildrar han livet som matgal før han snøgt tek oss attende til kjøkkenbenken der 4-åringen ventar svolten på fleskepannekaker. Saman med fotograf Marius Knutsen har Anders Totland lagar han ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.
Pris: kr 363.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 363.00 |
Besøk butikk |
Bilar, fart og altoppslukande kjærleik.
For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda.Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken...
kr 300.00
Mer informasjon
Om spedalske i Norge.
Det handler om kropper som visner bort, mennesker som blir sendt vekk fra familien, lokalsamfunn i oppløsning, desperate fluktforsøk og spedalske som snek seg til å ha sex når ingen kunne se dem. Vi får også...
kr 272.00
Mer informasjon
En faktabok med ti sanne historier om folk uten ære.

Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hester og ryddet etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket ble sett på som fullstendig æreløst, og folk trodde helt...
kr 272.00
Mer informasjon
Klaustrofobisk spenningsroman fra Anders Totland
Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han...
kr 300.00
Mer informasjon