Bilde av Eg Er Ikkje Kepler, Eg Er Kopernikus Av Asbjørn Roaldset
 

Eg Er Ikkje Kepler, Eg Er Kopernikus Av Asbjørn Roaldset

Norsk geomorfologi hev lagt fram lite nytt dei siste 100 åri. Etter forfattaren sitt syn kjem det av at geologane hev hatt eit heilt gali grunnlag - eit gali paradigme - i forskingsarbeidet. I boki vert det lagt fram mykje av det dei eldre geologane hev skrive slik at lesaren sjølv kan sjå at vitskapen er komen på villspor. Det paradigmet som vert lagt fram her byggjer på at Jordi hev kuleform og må få store og varige endringar når isen pressar ned landskapet. Dei naturformene som er umtala i boki er Jutulhogget, Norskerenna, agnordalar, fjordar og øyar. Etter dette må lærebøkene um landskapsformene i Noreg skrivast på nytt. Både for at klårgjera tankefeil i tidlegare arbeid og for at leggja fram eit nytt paradigme, hev tankane til vitskapsfilosofen Thomas S. Kuhn vore nyttige. Boki, i seg sjølv, er meint at vera eit innlegg i ordskiftet um vitskapsteoriane til Kuhn.

Pris: kr 319.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Eg Er Ikkje Kepler, Eg Er Kopernikus Av Asbjørn Roaldset Se butikk kr 350
TILBUD! kr 319.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON