I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske.

Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar.

Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.
Pris: kr 363.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 363.00 |
Besøk butikk |
Dette er den første fremstillingen på norsk som tar opp fremveksten av historieskrivning i et globalhistorisk perspektiv. Boken er delvis en videreføring av Melves forrige bok Historie
historieskriving frå antikken til i dag, som tok for...
kr 399.00
Mer informasjon
Dette er ei bok om historieskrivingas historie.

Historieskriving .nst i sjølv dei eldste samfunn, men det er først på 1800-talet at historiefaget oppstår. Da blir det oppretta universitetsstillingar i historie og det skjer...
kr 281.00
Mer informasjon
En kort, kyndig introduksjon til den besnærende middelalderen.
Hva er middelalderen? Ble vi ikke ferdig med den på 1500-tallet? Nei, svarer Leidulf Melve, middelalderen lever i beste velgående. Game of Thrones og Harry Potter er bare noen...
kr 199.00
Mer informasjon
Denne boka presenterer den politiske historia til Europa frå oppløysinga av Romarriket til konsolideringa av det nye europakartet etter reformasjonar og revolusjonar i tidleg moderne tid.
Ei framstilling av europeisk politisk historie vil...
kr 599.00
Mer informasjon