Bilde av Eit Hus Med Sjel Av Anne Markhus

Eit Hus Med Sjel Av Anne Markhus

«Eit hus med sjel» skildrar eit jordnært menneske sitt møte med livet, og prøver med enkle ord å setje ord på det å finne gleda. Menneske har gjennom alle tider leita etter meininga i livet. Men dei enkle spørsmåla er ofte dei vanskelegaste å svare på.

Vi er alle unike, men det vi sankar av erfaring er universelt. Det kan vere utfordrande å vere ærleg med seg sjølv, men kunsten i livet er å leve i tråd med den ein faktisk er. Om ein skreller vekk illusjonar om korleis ein trur livet burde vere, kan livet vere både daglegdags og enkelt.

Slik eit hus rommar menneska, er også kvart menneske eit eige hus som rommar ei sjel som drøymer om ro og fred.

Anne Markhus er oppvaksen i Kvinnherad, men bur no i Stavanger. Ho er utdanna sivilingeniør innan reservoarteknologi, og har jobba i oljeindustrien i over tredve år. No er ho kunstnar på heil tid, og finn gleda i å skrive, kunstmaling og biletvev.

Pris: kr 273.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Eit Hus Med Sjel Av Anne Markhus Se butikk kr 300
TILBUD! kr 273.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON