Halvard Bergstø veks opp som eldste son av ein smelteverksarbeidar, men snur ryggen til farsarven og flyktar til ein akademisk karriere. Som stipendiat ved Universitetet i Bremen er Halvard overtydd om at han har lykkast med å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket. Men frigjeringa blir alt anna enn enkel. Til slutt bryt han saman under tyngda av sine eigne ambisjonar og vender heim for å finna nytt fotfeste.
Reisa heim blir eit overraskande møte med ein sjølvmedviten arbeidarkultur som han trudde var borte. Og ei skilsetjande erfaring med korleis den globale kapitalen slaktar bedrifta som skapte heimbyen hans.
Eitranes er ein drivande eksistensiell roman om klasse, seksualitet, flukt, kapitalisme og raseri.

«Seljestad er på sitt aller beste når han henter kraften fra de tapte arbeidsfellesskap og slenger den tilbake mot samtidens etablerte sannheter med full argumentativ kraft. Det er nettopp i forlengelse av Blind at Seljestads nye roman Eitranes bør leses.» Joakim Randa Berthelsen, BT

«... romanen fungerer nærmest som en oppsummering av de siste femten årenes diskusjoner om industri, klassespørsmål, eliter og vanlige arbeidsfolk.» Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen

«Det kan seiast mykje godt om Eitranes, tittelen til dømes. Eller vi kan rekna opp episke høgdepunkt romanen igjennom, heilt frå den meisterleg skildra, nervepirrande turen på autobahn mot Bremen dit hovudpersonen Halvard Bergstø med kjernefamilien i bilen og forskarstipend i lomma nå er på veg. (...) Det er alt saman pinefullt og minneverdig skildra.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)

«En roman med et så tydelig budskap, kunne fort blitt dårlig. Det blir Lars Ove Seljestads Eitranes ikke. Seljestad går langt inn i materien når han stiller ut smelteverkets funksjon i bygda, og kostnadene moderniseringen av industrien har hatt for menneskene som er tilknyttet det. Med Eitranes hamrer Lars Ove Seljestad inn sin fortelling om konsekvensene av samfunnsutviklingen, og viser oss hva som er blitt borte på veien.» Ida Vågsether, Morgenbladet
Pris: kr 169.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 169.00 |
Besøk butikk |
Geir Kinsarvik veks opp i Oddas gamle industristrøk, med ein far som jobbar på Smelteverket og ei mor som vaskar arbeidarbrakkene. Ei hending i barndommen der han blir misbrukt og mobba av skulekameratane, får han til å bli besett av hemntankar. Han...
kr 187.00
Mer informasjon
Fjorden er ein roman om dei store spørsmåla; om det alt for korte livet, om døden, om alle tings forgjengelegdom. Den handlar om å forma eit liv i skyggen av ein far - den levande faren, så vel som den døde.
Like mye er dette ein roman...
kr 149.00
Mer informasjon
Frægd er det norrøne ordet for ære. I denne romanen møter vi tre generasjoner menn frå ættegarden Hovland i Hardanger. Boka er ei saftig blanding av epledyrking, kraftindustri og oppvekstforteljing. Eit mellomaldersk mørke kastar svarte skuggar...
kr 149.00
Mer informasjon
Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt av den kalde snøen. Han hører huset skrika. Då raset er over, er han åleine. Gjennom nøye utvalde scener følgjer...
kr 149.00
Mer informasjon