En kort introduksjon til husmannsvesenet er den første samla vitskaplege framstillinga om husmannen og hans kår på 100 år. Boka nyanserer det generelle biletet og oppfatningane av husmannsvesenet.
Midt på 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i landet. Dei økonomiske levekåra og livsvilkåra deira varierte mykje. Nils Olav Østrem riv seg laus frå dei sterkt forenklande kategoriane som blei skapte for hundre år sidan, og gir i denne boka ei ny og meir mangfaldig tolking.
Husmannen var underordna gardbrukarane og jordeigarane. Som leigar av jord var han prisgitt bondepaternalisme, embetskontroll og tidvis fattighjelp. Husmannsfolk greidde likevel å arbeida seg fram som moderne menneske med kjernefamilie, gründerskap og innovasjon som delar av deira verdigrunnlag. Gjennom flittig arbeid og spesialisering på og utanfor husmannsplassane vann husmennene seg rom og integrering i lokaløkonomien.
Plass-systemet forsvann ganske umerkeleg ved at det «overlevde» gjennom overgangar til småbruk, bureising og mangearta jordbruksdrift på 1900-talet. Først med vedvarande strukturrasjonalisering innan landbruket etter 1950 står ein i våre dagar innføre valet om heilt å forlata kombinasjonsbruket og dei mange syslane og verksemdene husmannsvesenet representerte.
Pris: kr 319.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 319.00 | Besøk butikk |
Carl Hatteland frå Klepp kom til Vats via Stavanger i 1876. Han skulle bli spinneristyrar. Fem år seinare fekk han handelsbrev og begynte med landhandel i Åmsosen. Denne boka fortel om fem generasjonar Hatteland i Åmsosen i Vats. Forfattaren tar...
kr 639.00
Mer informasjon
Opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, m.a. til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika.

kr 299.00
Mer informasjon
Heimar og folk i Sandeid er ei busetnadssoge i to band. Busetnadssoga handlar om folket som har budd i Sandeid, heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i...
kr 1569.00
Mer informasjon
Hvilken rolle spilte egentlig det nye metallet bronse da det ble introdusert for om lag 4000 år siden? Bronsealderen (ca. 1700-500 f.Kr.) i Norge var en periode preget av omfattende sosiale og økonomiske endringer, og var et tidsrom preget...
kr 329.00
Mer informasjon