Bilde av Etikk I Klinisk Sjukepleie Av Anne Kari Tolo Heggestad

Etikk I Klinisk Sjukepleie Av Anne Kari Tolo Heggestad

«Etikk i klinisk sjukepleie» er ei praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie. I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Typiske etiske problemstillingar blir gjennomgått, som utfordringar knytt til autonomi og tvang, teieplikt, abort og begrensing av livsforlengande behandling. Forfattaren viser korleis overordna verdiar kan kollidere i slike situasjonar, og korleis ein gjennom arbeid med etisk refleksjon kan bli tryggare i desse situasjonane.

Boka legg vekt på etiske refleksjonsmodellar, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitéar og etikkråd arbeider, og mot slutten av boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta grundig presentert og drøfta.

I den reviderte utgåva har etiske teoriar fått større plass, og også gjennomgangen av etiske problemstillingar er utvida, særleg når det gjeld livets slutt, prioritering, og teknologi.

Anne Kari Tolo Heggestad er professor ved VID Vitenskaplige høgskole i Oslo, der ho mellom anna underviser i etikk for sjukepleiarstudentar både på bachelor- og masternivå. Ho disputerte i 2014 med ei avhandling i sjukepleieetikk: .To be taken seriously as a human being «A qualitative study on dignity in dementia care.» Heggestad har tidlegare undervist i etikk i sjukepleieutdanninga ved Oslo Met og vore forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo.

Pris: kr 329.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Etikk I Klinisk Sjukepleie Av Anne Kari Tolo Heggestad Se butikk kr 329.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON