Med trygg forankring og god ballast frå Vestlandet her heime, og med eit godt intellekt, har Ernst Nordtveit utforska verda, forma omgjevnadene sine og på vegen gjort stort inntrykk på mange menneske som set pris på han, og som har hylla han med dette festskriftet i høve 70-årsdagen.
I løpet av yrkeskarrieren har Ernst sett tydelege spor etter seg både som institusjonsbyggjar og samfunnsbyggjar. Han var sekretær for Sivillovbokutvalet frå 1981 til 1993 og har arbeidd mykje med tingsretten. Petroleumsnæringa har nytt godt av kompetansen til Ernst som medlem av Statens petroleumsprisråd og tvisteløysar. Han har også vore ein pådrivar for internasjonalisering og engasjert seg i mellom anna EØS-retten.
Ernst har gått i bresjen for å forme Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen gjennom mange år. Som dekan i ein tiårsperiode var han heilt sentral i utviklinga av fakultetet. Ein viktig milepåle var den store reforma av studieordninga i 2003. Det er mange studentar som har fått den juridiske opplæringa si i dekanperioden til Ernst, og som ber med seg ballasten dei fekk i studietida, inn i det profesjonelle virket sitt. Ernst har vore ei inspirasjonskjelde for svært mange noverande og tidlegare kollegaer, og det er ikkje få juristar som har fått utvikle seg under kunnig leiing av Ernst. Mange av dei er forfattarar i dette festskriftet, og mangfaldet av emne i artiklane speglar den store breidda i Ernst sitt virke.
Den internasjonaliseringa som Ernst var ansvarleg for både når det gjeld juridisk forsking og utdanning, er i seg sjølv nok til å gje han karakteristikken verdsborgar. Den vitskaplege produksjonen hans spenner frå naustetomter i norsk strandsone til stillehavsøyar som står i fare for å forsvinne i havet – frå norskekysten til kystar langt, langt borte med verdshav imellom.
Redaktørane for boka er alle kollegaer av Ernst ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Pris: kr 1569.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 1569.00 | Besøk butikk |
Lov om godtroerverv av løsøre inneholder en gjennomgripende regulering av adgangen til ekstinktivt godtroerverv av løsøregjenstander i norsk rett. Lovens regulering er preget av at den er kortfattet og presis, og kunnskap om vår regulering av ekstinktive...
kr 499.00
Mer informasjon
I takt med at jussen blir stadig mer kompleks og omfangsrik, blir det stadig vanskeligere virkelig å forstå den. I denne boken redegjør Hans Fredrik Marthinussen for den dynamiske tingsrettens grunnleggende strukturer og hensyn. Etter at han først...
kr 319.00
Mer informasjon
Denne boken tar for seg hvordan panteretten forholder seg til det kravet den er ment å sikre. Forfatteren analyserer hvordan koblingen mellom panteretten og de tingsrettslige reglene på den ene siden og fordringsretten og de fordringsrettslige reglene...
kr 1449.00
Mer informasjon
Temaet for Separatistrett, direktekrav og motregning ved verdipapirhandel og annen kommisjonshandel er de rettsspørsmål kommisjon reiser utover det interne forholdet mellom kommisjonæren og kommittenten. Det gjelder for...
kr 319.00
Mer informasjon