Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200?1350 presenterer den nye forskinga som har kome om framveksten av høvding- og kongemakt i jernalderen, og om statsutviklinga frå slutten av vikingtida og fram til ca. 1350. Eit sentralt spørsmål er når Noreg vart ein stat, og om vi i det heile teke kan snakke om stat før 1350. Perspektivet er heile tida Noreg sett i lys av ei europeisk utvikling, samstundes som det særnorske får rikeleg plass.
Boka søkjer langt meir enn tidlegare framstillingar å foreine ulike fagtradisjonar, som arkeologi, stadnamnforsking, numismatikk, tradisjonell institusjonshistorie og historisk rettsantropologi. Målet er å gi fleire og ulike svar på kva som skapte politisk makt i romartida, folkevandringstida, vikingtida og mellomalderen. Kvifor har nokre meint at jernalderen og mellomalderen førte med seg sterk politisk maktoppbygging rundt konge og aristokrati, og etter kvart kyrkja, med sterke tendensar til stat? Kvifor har andre i staden skildra kongar på 1200-talet som ikkje mykje mektigare enn andre menn av aristokratiet, i eit samfunn der feidar var spelereglane i politikken?
Boka er tverrfagleg og er skrive av ein arkeolog og ein historikar i lag, og gir per i dag den mest omfattande oppdateringa av forskinga innanfor eit sentralt tema i norsk historie.
Pris: kr 609.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 609.00 | Besøk butikk |
Boka tar for seg historien fra de første menneskene kom til distriktet rundt dagens Arendal da isen trakk seg tilbake for om lag 12 000 år siden, og frem til Arendal ble en kjøpstad i 1723.
Til Øyestad, Hisøy, Flosta, Tromøya og Austre...
kr 409.00
Mer informasjon
I 2016 er det 200 år siden Bodø fikk kjøpstadsrettigheter. I årene frem mot jubileet har det utkommet fire, rikt illustrerete bind som forteller historien til det området som i dag utgjør Bodø kommune. Bøkene er skrevet av ledende fagfolk innen...
kr 1639.00
Mer informasjon
Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då?

I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida, då steinalderen begynte...
kr 329.00
Mer informasjon
Nordland er like sammensatt som det er langt. Fylket strekker seg fra Bindal i sør til Andøya i nord og har et geografisk, kulturelt og næringsmessig mangfold som det knapt finnes maken til. Nordlands historie er den første samla framstillinga av...
kr 629.00
Mer informasjon