Fredag 28. juni 1974 vart Det sjuande allmenne dommarmøtet i Tromsø opna. Det heile byrja slik det skulle - fredeleg og danna. Siste føredragshaldar den fyrste dagen av dommarmøtet var professor dr. juris Carsten Smith, som føreleste om «Domstolene og rettsutviklingen». Etter føredraget var Det sjuande allmenne dommarmøtet ikkje lenger fredeleg, og bare delvis danna. For Smith ville at domstolane generelt, og Høgsterett spesielt, ikkje bare skulle løysa konfliktar, men òg leia an i rettsutviklinga med djerve avgjerder som forandrar samfunnet. Dette var ein radikal idé i 1974. I dag er det i stor grad ein realitet. Kva har skjedd?

Høgsteretts historie 1965-2015 er ei endringshistorie. Det er historia om ein domstol som lenge stritta imot endring, men som særleg etter Berlinmuren sitt fall vart riven med av samfunnsutviklinga og av ivrige einskildpersonar som staka ut ein ny kurs for den fremste representanten for den tredje statsmakta i Noreg. I dag er Høgsterett kanskje meir ei statsmakt enn nokosinne i si 200 år lange historie. For domstolen har ein nesten uavgrensa kompetanse, er ein nesten rein prejudikatsdomstol, er premissleverandør for den juridiske metoden, kan påverka tilsetjinga av nye høgsterettsdommarar, og er ein dialogpartnar i det transnasjonale rettsregimet. Dette er historia om korleis det vart slik.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, leiar for Forskargruppa for rettskultur, og forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal. Han har publisert Speculum legale (2005) og Den juridiske komedien (2007), og har mellom 2006 og 2014 redigert Rettstekstar i mellomalderen, Dekalogen, Rendezvous of European Legal Cultures og Constitutionalism before 1789.

Pris: kr 1180.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 1180.00 |
Besøk butikk |
Internasjonaliseringa av alle samfunnsområde har aktualisert spørsmålet om kultur. Retten er ikkje noko unnatak verken når det gjeld internasjonalisering eller når det gjeld ei aukande interesse for det kulturelle grunnlaget for gjeldande rett, metode...
kr 715.00
Mer informasjon
Korleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens?

Svaret ligg i historia.

1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet....
kr 449.00
Mer informasjon
Eigentleg skulle han ikkje bli konge.

Storebror hans skulle overta trona etter kong Håkon 4., medan den unge prins Magnus vart utdanna hos dei fattige fransiskanarmunkane. Då han likevel vart krona som kong Magnus 6. i 1261, vart...
kr 449.00
Mer informasjon
Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Slik sett er rettshistoria det stødige...
kr 687.00
Mer informasjon