Bilde av Historia Om Førde Av Martin Byrkjeland, Knut Grove
 

Historia Om Førde Av Martin Byrkjeland, Knut Grove

HISTORIA OM FØRDE er eit bokverk om kommunen og byen som er tyngdepunktet i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 (kjem i 2024) byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar. <br/> <br/>Dette første bindet, FØRDE - FRÅ BYGD TIL BY 1500-2020, fortel historia om ei tradisjonell jordbruksbygd, som lenge endra seg sakte, under styring av embetsmenn. Så, på få tiår, skifta både tettstaden og grendene ham. Nye arbeidsplassar kom til. Mellom 1960 og 2020 vart folketalet i kommunen firedobla, i sentrum tidobla. Førde-samfunnet vart ein smeltedigel, der den typiske førdianar var ein innflyttar. Kva skjedde med Førde i desse åra, og korleis kunne det skje, særleg i eit lite urbant fylke som Sogn og Fjordane? Viktige stikkord er sentral geografisk plassering, vedtaket om vekstsenter, industrisatsing og bygging av Sentralsjukehuset. Men veksten i Førde er også eit resultat av allsidig satsing på kultur, trivsel og gode bu- og oppvekstvilkår, med Førdehuset som ein viktig møtestad.

Pris: kr 498.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Historia Om Førde Av Martin Byrkjeland, Knut Grove Se butikk kr 498.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON