Bilde av Hulda Garborg Av Arnhild Skre

Hulda Garborg Av Arnhild Skre

Vinnar av Brageprisen 2011!

Hulda Garborg (1862-1934) var i mange år mest kjent som kona til den framståande forfattaren Arne Garborg. I denne kritikarroste og prisvinnande biografien løftar historikar og journalist Arnhild Skre Hulda Garborg opp til den plassen ho fortener i norsk historie.

Hulda Garborg var ein populær dramatikar og produktiv omsetjar, ho hadde ein stor forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol, forstadsbohem, kosthalds- og livsstilsreformator, husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett.

Ikkje minst var Hulda Garborg ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelve for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle.

Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

«Ein rein lesefest!»
Dag og Tid

«Denne biografien blir stående lenge»
Fædrelandsvennen

«Hun (Skre) viser hvor sentral Hulda Garborg var i etableringen av det norske, hun viser hvordan en sterk, insisterende og uhyre arbeidsom kvinne gjennom nasjonal identitetskamp klarte å skape seg en maktposisjon i en mannsstyrt utkantsivilisasjon i Europa.»
Dagbladet

Arnhild Skre (f. 1952) er norsk journalist og forfattar. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.

Pris: kr 299.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Hulda Garborg Av Arnhild Skre Se butikk kr 299.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON