Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt.

Husjomfru fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen.

Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. Husjomfru er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.
Pris: kr 229.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 229.00 |
Besøk butikk |
Edvard Hoems roman Ave Eva er ein moderne norsk klassikar. Med rik og målande penn teiknar Hoem her eit stykke samtidshistorie ? der han angrip det manglande økologiske medvitet som set natur og tradisjon på spel for oljens skyld. Miltons Paradise...
kr 199.00
Mer informasjon
I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld,...
kr 363.00
Mer informasjon
Johannes Bergmann er skodespelar i midten av 30-åra. Han har gjort rask karriere i den norske teaterverda og er vand med å få ros for spelet sitt. Under innstuderinga av rollen som Jean i ei oppsetjing av August Strindbergs Frøken Julie på Det Norske...
kr 199.00
Mer informasjon
I vika langt mot vest, langs haustmørk strand
kjem svanene igjen, eg ser det no.
Dei duvar lydlaust like attmed land
og speglar seg når sjøen stig mot flo.
Eg har sett pina skjera andletstrekk,
eg...
kr 318.00
Mer informasjon