Det er ikkje mykje poetisk med ein hjernesvulst. Dei bilderike skildringane i Oddfrídur Marni Rasmussens roman om forfattaren Janus, som opplever kona Elsas kamp i ei sjukdomsutvikling utan håp, er likevel ikkje berre rå, men innimellom også overraskande lyriske. <br/> <br/>Romanen handlar om kjærleik, om fortviling, styrke og avmakt, og kanskje mest av alt om å miste kontroll. Svulsten bryt inn i Elsas medvit som ein mørk neve og reduserer samtalane deira til få ord og rim. <br/> <br/>Det er Rasmussens fine dobbeltgrep at skildringa av kjærleiken og sjukdommen blir vove saman med Janus' umiddelbare reaksjon og forsøk på å skildre utviklinga og den døyande ved å «skrive på det kvite, leite i det mørke», som forfattaren skriver.
Pris: kr 318.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 318.00 |
Besøk butikk |