Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.

Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar. Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen.

«Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten som Styve har lukkast med.» - Trond Sætre, Serienett

Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg.

Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som etter kvart har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser og hefter.
Pris: kr 149.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 149.00 |
Besøk butikk |
I sin debutroman fortel Jens K Styve historia om den heimvendte sonen Ove Kvamme. Han er ein fråskilt mann, med ein bag klede, ein 80 GB iPod og ein gul Golf.

Med dette, og hjelp frå avansert satellitteknologi, skal han kome til...
kr 215.00
Mer informasjon
Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med fjernhealing, energibalansering, jordstråling og alt mogleg anna som kan kasta av seg. Sonen Kristoffer tener nesten ingenting, men aner at han snart må bli vaksen. Den...
kr 409.00
Mer informasjon
Førstebossen Spesial er ei kraftig utvida versjon (i stive permer!) av den aller første Dunce-samlinga, det var altså her det heile starta, vinteren 2017. I tillegg finn du upubliserte striper, illustrasjonar og cover.Teikneserien Dunce er eineståande...
kr 399.00
Mer informasjon
I denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal. Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti...
kr 272.00
Mer informasjon