Om lommepengar og lærepengar.

Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det?

I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre?

«Ivar får ansvar» er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.
Pris: kr 329.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 329.00 | Besøk butikk |
Ein heilt vanleg dag vinn Frank og mor i lotto. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen. Alle i bygda er etter dei tjuefire millionane. Og mor gjer det verre ved å love pengar til den som er snillast. Frank og mor flyktar til Syden. Kor lenge kan...
kr 229.00
Mer informasjon
Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han...
kr 391.00
Mer informasjon
Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken.

Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes...
kr 391.00
Mer informasjon
I Vassbygda klamrar dei seg til nynorsken, medan resten av landet snakkar bokmål og engelsk. Problemet er at vassbygdingane ikkje klarer å einast om nokon ting, ikkje ein gong om dei bur i Vassbygda eller Vassbygdi, eller om det heiter Toyoti eller...
kr 391.00
Mer informasjon