Når eit ungt menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Då Amalie døyr tar storesøstera Eli Anne over administrasjonen av Facebook-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet mellom dei – på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Det var så mykje ho aldri fekk sagt mens Amalie levde. Kjære søster, skriv Eli Anne på Amalies Facebook-vegg. Ho vil ikkje ha noko uoppgjort når ho legg profilen ned og tek endeleg farvel.
Romanen Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er også ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og ulike kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.
Pris: kr 229.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 229.00 | Besøk butikk |
Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane...
kr 363.00
Mer informasjon
Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise...
kr 272.00
Mer informasjon
Dette er ei unik bok; poetisk, velkomponert, klok, dristig og varm. Ei dramatisk bok som våger å stille store spørsmål, med utgangspunkt i eit djupt alvorleg emne: eit barn som mister begge foreldra sine i ei bilulukke. Boka er utforma som ei bøn....
kr 149.00
Mer informasjon
Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene.

Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik?...
kr 409.00
Mer informasjon