Bilde av Konstruktiv Journalistikk Av Vigdis Holmaas

Konstruktiv Journalistikk Av Vigdis Holmaas

Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.

Skal journalistikken vera relevant, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda. Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass.

Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Ambisjonen er å fornya faget og medverka til ei meir vital samfunnsrolle.

Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i media, politikarar og alle samfunnsinteresserte.

Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der ho har jobba sidan 1988, mellom anna som nyheitssjef. Ho har utdanning i medievitskap frå Universitetet i Bergen og leiarutdanning frå NHH og Handelshøyskolen BI.

«Verden og fremtiden er ikke så mørk som journalister vil ha det til.»

Tomm Kristiansen, forfattar og utanriksjournalist i NRK

«Det er et fantastisk velferdssamfunn vi lever i, men det er oftest historiene om skavankene som blir fortalt. Det kan bidra til et helt feilaktig bilde.»

Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i VG

«Nokre journalistar forvekslar «kritisk» og «negativ». Dei trur dei er kritiske, men eigentleg er dei negative. Det er ikkje truverdig journalistikk.»

Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende

Pris: kr 429.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Konstruktiv Journalistikk Av Vigdis Holmaas Se butikk kr 429.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON