I Mor Homer er død skildrar Hélène Cixous den siste levetida til mor si, Ève Cixous (1910-2013). Mora bur heime hos dottera medan livet går sakte mot slutten, det er ei svært lang reise. «Ein kjenner målet men veit ikkje kor lenge ferda vil vare, om det går år etter år, makteslause år, det er ein odyssé som ikkje skal ende med eit nostos men med ei nedstiging i den underjordiske grotta, eller nei, kanskje slutten blir ei gjenfinning?»

Mora har alltid stått på livet si side, ikkje minst som jordmor i Algerie der ho hjelpte tusenvis av nyfødte til verda. I Mor Homer er død er denne grunnleggande livsenergien illustrert med innslag av dei handskrivne råda frå jordmora, Fødsel utan smerter. Døden er ein fødsel av eit anna slag, han er både konkret og samtidig eit mysterium.

Den fysiske svekkinga er tydeleg og forandringane er brutale. Siste akt er kroppsleg, men kjærleiken til den elska mora endrar seg ikkje. Mor og dotter opplever den siste tida saman, og boka er ifølge forfatteren skriven av begge to.
Mor Homer er død er også ein poetisk-filosofisk refleksjon over livet og døden.

Mor Homer er død er den sjette boka av Hélène Ciouxs som er omsett til norsk av Grete Kleppen. Dei fem første er Osnabrück (2003), Blendverk (2006), Gull, breva frå far min (2008), Sypress (2010) og Hyperdraum (2012). For omsetjinga av Blendverk fekk Kleppen Bastianprisen 2007.
Pris: kr 318.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 318.00 |
Besøk butikk |
The first translation into English of Mother Homer is Dead, written in the immediate aftermath of the death of the Cixous's mother in the 103rd year of her life.
kr 279.00
Mer informasjon
Hyperdraum handlar mellom anna om tid og tap. Notida saman med den gamle mora og ei tenkt framtid utan henne. Notida utan venen Jacques Derrida og likevel med han. Eg er i dei aller siste tidene, no veit eg det ut frå eit fråvær av viten men eg veit...
kr 318.00
Mer informasjon
Mora til bokas forteljar, Hélene, blei fordreve frå Algerie i 1971. No vil Hélene dra tilbake til Algerie der ho blei født og tilbragte barndommen og ungdomstida. Tilbakereisa blir et sterkt møte med fortida.
kr 300.00
Mer informasjon
I «1938, netter» returnerer H. Cixous til Osnabrück, der morens familie bodde. Hun forsøker å forstå hvorfor bestemoren og brødrene forble der i 1938 selv om de visste at jødene var i fare. I sin søken følger hun i fotsporene til Siegfried K,...
kr 318.00
Mer informasjon