Norsk Ordbok dokumenterer kor rikt og livskraftig det norske folkemålet er

Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing.

Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930.

Ordboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso.

Norsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket no heile alfabetet frå a til åværig.

Norsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga.
Pris: kr 850.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 850.00 | Besøk butikk |
En hendig bok for islendinger og nordmenn som vil forstå hverandres språk bedre. Nyttig i nordisk samarbeid og samkvem – og i undervisning. Boka er ideell for turister – lett å ta med seg på turen!Ordboka har ca. 17 000...
kr 749.00
Mer informasjon
Norsk ordbok gir ei vitskapleg framstilling av norske dialektar og nynorsk skriftspråk slik det er brukt i sakprosa og skjønnlitteratur. Band 10 av Norsk ordbok fører fram til og med oppslagsordet stæveleg.
kr 850.00
Mer informasjon
Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Ordboka blir på tolv band og vil vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Til saman vil Norsk Ordbok omfatte 300 000 oppslagsord. Ordboka byggjer blant anna på ein database...
kr 850.00
Mer informasjon