Kring år 700 blei dette hogd inn i ein stein på garden Eggja i Sogndal (Sogn og Fjordane) i runeskrift: .ni s solu sot uk ni sakse stain skorin. 1300 år seinare kan denne utsegna mest naturleg lyde slik: .Steinen er ikkje oppsøkt av sol, og ikkje er det skore i han med sverd.
Ei språkhistorie skal forklare kva som har skjedd mellom desse to versjonane av norsk språk. Det gjer Norsk språkhistorie (NSH), og ho fortel om korleis språket er blitt brukt, og korleis folk har vore opptatt av språket til ulike tider. Andre språk i Noreg blir òg omtalt.
Norsk språkhistorie i fire bind er ei samla vitskapleg framstilling av språket frå urnordisk til nyare moderne norsk. Det har vi ikkje hatt før. Verket er skrive i eit samarbeid mellom fagfolk ved universitet og høgskolar.
Dette bindet, Mønster, begynner med å drøfte språkendring som fenomen og korfor språk endrar seg. Deretter blir endringar gjennomgått - frå dei minste lydeiningane til dei store tekstane. Her blir det lagt vekt på å beskrive og forklare ut frå innsikter vi har i allmenn teori, slik at dei norske fenomena kan illustrere generelle eigenskapar ved språk. Den historiske linja blir trekt i kvart kapittel.
Heile verket vil omfatte: Norsk språkhistorie I: Mønster. Norsk språkhistorie II: Praksis. Norsk språkhistorie III: Ideologi. Norsk språkhistorie IV: Tidslinjer
Pris: kr 456.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 456.00 |
Besøk butikk |
Denne boken presenterer hele språkhistorien i Norge, fra de eldste runefunnene til de nyeste språkendringene i vår samtid. Beskrivelsene av de ulike språkhistoriske periodene og av språkendringene dekker både talemålet og skriftspråket, og bruken...
kr 464.00
Mer informasjon
Artiklane i denne boka viser korleis ein kan bruke dei kjeldene som fins frå perioden som blir kalla tidleg moderne tid og korleis ein kan dra slutningar om utviklinga av talemålet i ulike landsdelar, både når det gjeld fonologi, morfologi og syntaks....
kr 279.00
Mer informasjon
Hovuddrag i norsk språkhistorie tek for seg den indre og den ytre språkhistoria.
Den indre språkhistoria er strukturell; den beskriv utviklinga av den moderne språkstrukturen frå det urnordiske stadiet over det norrøne...
kr 613.00
Mer informasjon
Boka inneheld fjorten artiklar med emne frå nyare norsk språkhistorie. Artiklane, som er skrivne mellom 1974 og 1991, tar for seg sentrale problem og område i språkhistoria etter 1814: Ivar Aasen og Knud Knudsen, jamstillingsvedtaket i 1885, dialektbruk...
kr 235.00
Mer informasjon