Ei uvanleg underhaldande kokebok full av knallgode oppskrifter. Forfattar Linda Eide dreg på oppdagingsreise med Hanna Frosta, sjefkokken som kasta ut sitt populære middelhavskjøkken og erstatta det med ein meny basert berre på norske smakar. I jakta på gode råvarer og sterke smaksopplevingar reiser dei på smale grusvegar, gjennom tronge dalar og til oasar midt i byen. Her lagar dei Hanne sine beste rettar av sesongens råvarer og det som vert hausta, slakta og fiska i nærleiken. Med Linda Eide sitt vittige skråblikk, kunnskapen til Hanne Frosta og Thor Brødreskift sine fotografi, er dette ei uimotståeleg og inspirerande kokebok. «No sit me og et blåmuggostekake i ein sofa, og har nettopp funne ut at med ei lita stripe kreklingsirup eller blåbærsirup ved sida av vert denne kaka så god at all verdas dessertmenyar må skrivast om, den franske fromasjdessertideen reviderast, og Hanne Frosta forgyllast.» (Frå boka) Om forfattarne: Linda Eide (f. 1969) er programleiar, forfattar og journalist, mellom anna kjend frå NRK-serien Norsk attraksjon. Hanne Frosta (f. 1962) er kokk og kokebokforfattar. Ho dreiv restauranten Hanne på Høyden i Bergen i 14 år.
Pris: kr 409.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 409.00 |
Besøk butikk |
Hva er <strong>kampsport</strong> og hva er forskjellen på taekwondo og judo? Må man være voldelig for å drive med kampsport? Er man nødt til å slåss eller være veldig sterk?<br/>Faktaløve om kampsport er en <strong>lettlest</strong>...
kr 209.00
Mer informasjon
Det kan kjennast skummelt å endre på tradisjonane og vanane - men det kan også lage vegen for nye tradisjonar. «Det finst ein fri jolavilje der ute, for den som vil!»
kr 79.00
Mer informasjon
I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå...
kr 272.00
Mer informasjon
Dette er ei praktisk grunnbok i journalistikk retta mot radioproduksjon og podkasting. Forfattarane gir først ei innføring i korleis lyd og mikrofonteknologi fungerer, før dei tek for seg det journalistiske handverket. Her viser dei korleis dramaturgi...
kr 359.00
Mer informasjon