Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur - frå Ivar Aasens tid til i dag.
I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.
Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.
Pris: kr 455.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 455.00 |
Besøk butikk |
Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta...
kr 391.00
Mer informasjon
Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur...
kr 299.00
Mer informasjon
I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho...
kr 409.00
Mer informasjon
Det er juni 1946 og fred i Norge. Fartein Valen har fullført eit stort arbeid. Han har skrive ferdig symfoni nr. 3, ein pastoralesymfoni med stormkast, ei kjærleikserklæring til Valevåg, pastorale, elegi over dei unge døde, alle krigens offer, det...
kr 409.00
Mer informasjon