Nynorsk på nytt er ei bok om nynorskdidaktikk for lærarstudentar og lærarar i grunnskule og vidaregåande skule. I boka presenterer forfattarane forsking og forsøk innanfor opplæringa for elevar med nynorsk som sidemål, og drøftar ulike tiltak som kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserommet og samfunnet.
Dei tek også for seg korleis læraren kan legge opp undervisninga slik at det blir meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Her får læraren tips og råd om korleis ein kan skape motivasjon for emnet, både gjennom gode diskusjonar med elevar og foreldre og gjennom leikorienterte aktivitetar som kan gje stort læringsutbytte. Ideane er retta mot arbeid med nynorsk som sidemål, men kan brukast i all slags språklæring.
I denne andre utgåva av boka er mykje av det lesarane har sett pris på i første utgåva, framleis med. I tillegg er det eit eige kapittel om nynorsk grammatikk og språkføring, til hjelp for studentar og lærarar som vil bli betre til både å skrive nynorsk sjølve og til å rettleie elevane sine i skrivinga. Vidare er nyare forsking, forsøk og tiltak sett i lys av fagfornyinga, slik at heile boka er oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20).
Norunn Askeland er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg, Ingrid Ertzeid er universitetslektor ved Universitetet i Agder, og Cecilie Falck-Ytter arbeider som lektor ved Solvang skole i Asker.
Pris: kr 399.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 399.00 | Besøk butikk |
Hva slags status kan medlemmer av en folkegruppe ha når de ikke hører til innenfor landlige, nasjonalt definerte grenser, og hva har manglende tilhørighet å si for den enkeltes identitet? I denne boka søker vi å kaste lys over slike spørsmål....
kr 469.00
Mer informasjon
Gir meloner deg assosiasjoner til pupper? Svelger du kameler med en flau smak i munnen? Meloner og kameler er bare to av utallige eksempler på hvordan vi tenker og snakker metaforisk.

Metaforene styrer hvordan vi oppfatter og vurderer...
kr 369.00
Mer informasjon
Om å utfordre vanen inneholder samtaler med 13 forfattere som alle på forskjellige måter skriver litterær sakprosa. Forfatterne omtaler tekstene sine som essay, reiseskildringer, biografi, artikler, ja, til og med et sakprosadrama...
kr 449.00
Mer informasjon
Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning? Korleis kan elevar og studentar bli entusiastiske skrivarar av både...
kr 339.00
Mer informasjon