Bilde av Organisert Velferd Av Alf Roger Djupvik, Magne Eikås

Organisert Velferd Av Alf Roger Djupvik, Magne Eikås

Organisasjonskunnskap for helse- og sosialarbeidarar.

Boka gir ei innføring i organisasjonskunnskap og er retta mot helse- og sosialfaga.

Etter ein introduksjon til organisasjonsteori, gjer forfattarane greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i offentleg, privat og frivillig sektor. Vidare presenterer dei ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og korleis dette kan påverke arbeidskvardagen til tenesteytarar i denne sektoren.

I boka gjer forfattarane også greie for nyare reformer i offentleg sektor og korleis dei verkar inn på organisasjonsutforminga. Her ligg hovudvekta på NAV-reforma, der sosialtenesta, Aetat og trygdeetaten vart slått saman. Forfattarane tar for seg hovudtrekka ved denne reforma, kva styringsideal ho byggjer på, og korleis reforma er evaluert i ettertid. Den nye samhandlingsreforma, gradvis iverksett frå 2012, blir gjort greie for i eit eige kapittel.

Til slutt i boka tar forfattarane for seg samarbeid mellom det offentlege og frivillige organisasjonar, og gir ei nyttig oversikt over dei viktigaste frivillige organisasjonane.

Den nye utgåva er gjennomarbeidd språkleg og nedkorta med større vekt på det praktiske. Delane om den nye samhandlingsreforma og erfaringane med NAV er nyskrivne.

Pris: kr 436.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Organisert Velferd Av Alf Roger Djupvik, Magne Eikås Se butikk kr 469
TILBUD! kr 436.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON