Bilde av Personnamnarbeid Av P.a. Munch Av P.a. Munch
 

Personnamnarbeid Av P.a. Munch Av P.a. Munch

Historikaren P.A. Munch (1810-63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852-63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilologi, norrøn språkvitskap og namnegransking. Arbeida om personnamn (1849, 1854 og 1857) kjem her for første gongen i ei samla utgåve med faghistorisk innleiing, tekstkritiske merknader og register. Tilfanget omfattar over 4000 namn med variantar og gjev eit eineståande utsyn over norsk og germansk namnehistorie. Munch går grundig inn på både etymologi, ordtyding, lagingsmåtar, lydhistorisk utvikling og skriftformer. Siktemålet med artiklane var primært kulturelt og ideologisk, med klåre vurderingar og råd, men Munch la samtidig eit vitskapleg grunnlag av avgjerande verdi for personnamngranskinga i Norden. Med denne utgåva får Munch att sin sjølvsagde plass i faghistoria, og registra gjer det lett å finne kva han seier om dei einskilde namna. <br/>Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev (I-III, 2004) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste i samarbeid med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

Pris: kr 381.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Personnamnarbeid Av P.a. Munch Av P.a. Munch Se butikk kr 410
TILBUD! kr 381.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON