Bilde av Råka Av Røyndom Av Asbjørn Aarnes
 

Råka Av Røyndom Av Asbjørn Aarnes

Asbjørn Aarnes - einsynt brukar av riksmålet, preses i seksten år i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur - har skrive ei bok på ramaste nynorsk. Har noko hendt han? Det går fram av tittelen at han har vore ute for noko som han sjølv ikkje skynar. Då Dag og Tid vende seg til han, fortel han at det var som det gjekk hol på ei tunne; det rann ut dag og natt og ville ingen ende taka. Med sansene vendt mot syd, seier Claes Gill i eit dikt. Aarnes har vendt dei mot nord. Dei skarpe tilstandsbilæta og dei dramatiserte samtalane millom personane i boka er som skorne ut or den norrøne sogeveven. Lesaren spør seg: Hugsar han ordrett det som vart sagt, eller set han i scene fritt etter minnet? Ein skal ikkje gløyma at forteljaren debuterte som dramatikar i ungdomen. Eit langt liv har sceneduken vore nede. Er det no gått opp for siste akt i eit sorg-muntert spel med heimekjende og framande aktørar? Har han vorte bergteken - eller er han komen heim?

Pris: kr 226.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Råka Av Røyndom Av Asbjørn Aarnes Se butikk kr 248
TILBUD! kr 226.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON