Bilde av Samhandling I Helsetenesta Av Ragnhild Hellesø, Randi Opheim

Samhandling I Helsetenesta Av Ragnhild Hellesø, Randi Opheim

I dagens helseteneste er det mange aktørar, instansar og organisatoriske nivå som må samhandla for å skapa gode og samanhengande helsetenester for pasientane. I dette komplekse landskapet treng sjukepleiarar kunnskap som sikrar at pasienten opplever kontinuitet og kvalitet.

I boka viser forfattarane kor utfordrande samhandling med aktørar frå ulike kunnskapsfelt i ulike delar av helsetenesta kan vera, men også kva organisatoriske verkemiddel sjukepleiarar kan dra vekslar på i arbeidet sitt. Forfattarane gjer greie for kva fagleg ansvar sjukepleiarar har i ulike samhandlingskontekstar, og kva det organisatoriske arbeidet kan innebera meir konkret. Her står informasjonssystem, koordinering og organiseringsarbeid sentralt, og lesarane vert presenterte for verktøy som dei kan bruka i arbeidskvardagen.

Sentrale spørsmål i framstillinga er kva kunnskap og kompetanse som skal til for å skapa gode og samanhengande helsetilbod til pasientane. Forfattarane brukar konkrete eksempel for å gjere stoffet relevant, og ei blanding av praktiske og reflekterande oppgåver er med på å aktivisere studentane.

Ragnhild Hellesø er sjukepleiar og professor ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har vore opptatt av samhandling i helsetenesta frå klinisk erfaring og gjennom forskinga si. Ho har leia fleire store forskingsprosjekt om samhandling og digitalisering i helsetenesta.

Randi Opheim er sjukepleiar og forskar ved Oslo universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har lang klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta med pasientopplæring og oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom og med klinisk helseforsking.

Pris: kr 319.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Samhandling I Helsetenesta Av Ragnhild Hellesø, Randi Opheim Se butikk kr 319.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON