Bilde av Skrift Og Strid
 

Skrift Og Strid

Dette er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877-1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar - og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: [Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig. Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf , 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.

Pris: kr 245.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Skrift Og Strid Se butikk kr 269
TILBUD! kr 245.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON