I 2018 kom samlinga Slåttar frå Granvin der Knut Hamre spelte inn nærmare hundre slåttar frå heimbygda si. No kjem oppfølgjaren med resten av repertoaret frå Hardanger: Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Utgjevinga inneheld innspelingar av 95 slåttar samt tilhøyrande bok. Såleis er er alt av slåttemateriale i Hardanger spela inn på plater, nærmare 200 slåttar totalt med begge utgivelsane. Eit unikt oppslagsverk samla i to praktbøker med fyldige biografiske omtalar av felespelarar, eineståande slåtteomtalar og unike bilete frå felespelarane sine innhaldsrike liv.

Hardanger er ein av dei rikaste tradisjonsområda innan folkemusikk i Norge. Frå dei første spelarane me høyrer om attende på 1600-talet og fram til i dag, har hardingfela og slåttane vore ein naturleg del av kvardagsliv, fest og høgtider. Mange av slåttane på denne utgjevinga er gamle, kjende og mykje brukte, men utøvarane har òg henta fram mange ukjende slåttar frå gamle opptak og notar og fleire av dei har ikkje vore bruka på hundre år.

Uttrykket i repertoaret ber preg av mange ulike spelarar opp gjennom tidene, frå korte suggererande og sangbare danseslåttar frå 1800-talet til Halldor Mælands konsertrepertoar på 1900-talet.

Utøvarane denne gongen er Annlaug Børsheim, Benedicte Maurseth, Knut Hamre og Lajla Buer Storli.
Pris: kr 549.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 549.00 | Besøk butikk |
Dialogues between student and master about music, learning, teaching, the healing power of art, and the art of life itself.
Knut Hamre has devoted his life to playing the Hardanger fiddle—a unique folk violin with resonating...
kr 279.00
Mer informasjon
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte?
Systerspel er ei bok om spelekvinner, om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har...
kr 436.00
Mer informasjon
Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette...
kr 391.00
Mer informasjon
Anders Haugen fra Ålen var en av våre mest aktede spellmenn og samler av folkemusikk. I «Den store leken» blir vi kjent med Haugen, historia om spellmannsmiljøet rundt Røros og hans gjerning har preget kulturlivet på Rørosvidda i flere generasjoner....
kr 382.00
Mer informasjon