Bilde av Soga Om Fridtjov Den Frøkne
 

Soga Om Fridtjov Den Frøkne

Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet «Edda» i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.<br/><br/>«Soga om Fridtjov den frøkne» er ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er imot eit bryllaup mellom dei to. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.<br/><br/>Nobelprisvinnaren si nye omsetjing er basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing som gjev godt innsyn i tru og skikkar i vikingtida.

Pris: kr 299.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Soga Om Fridtjov Den Frøkne Se butikk kr 299.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON