Tarjei Vesaas skreiv Det store spelet, Fuglane og Is-slottet, men han skreiv også Fars reise, Signalet og Brannen. Dei sistnemnde verka har ein viktig plass i denne boka. Artikkelsamlinga Varsel, venting, vandring. Vegar inn i Tarjei Vesaas' diktarlandskap tek for seg fleire av dei Vesaas-verka som har kome i skuggen av dei store bøkene, men som likevel fortener merksemd.

Dei behandlar tema som den kollektive handlings.lamminga, menneske som kjempar mot destruktive krefter og oppleving av demoniserte tilstandar. Formspråket til Vesaas blir utforska, der påverknaden frå det tyske ekspresjonistiske teateret er tydeleg og der ein ser korleis diktaren skriv fram dramatiske .situasjonar som er absurde og skremmande. Dessutan viser artiklane kor sentral allegorien er i diktinga.

Boka inneheld, i tillegg til ein oversynsartikkel, 10 ulike artiklar om 10 ulike verk - alle med kvar si teoretiske tilnærming. Slik får ein eit samansett bilete av tekstane, og ein får eit inntrykk av kor mangfaldige og utømmelege dei er. Lesarreaksjonar og kritikarreaksjonar blir også lagt vekt på. .Vesaas-teksten er open og inviterer til ulike lesingar. Dette fortel oss korleis litteratur kan bli vurdert frå ulike ståstader og perspektiv.

Sveinung Nordstoga er dosent i norskdidaktikk ved Institutt for .lærarutdanningsfag, Høgskolen i Telemark. Han har publisert fleire bøker og artiklar om norskdidaktiske og litterære emne.
Pris: kr 300.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 300.00 | Besøk butikk |
Boka kombinerer norskfag, norskfaghistorie, norskfagdebatt og norskdidaktikk. Forfattaren kastar lys over karakteristiske trekk ved faget, faghistoria, debatten og didaktikken. Han skriv for allmennlærarstudentar og studentar i praktisk pedagogisk utdanning...
kr 265.00
Mer informasjon
Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814 handlar om femti utvalde forfattarskap der staden er eit hovudperspektiv. Teksten tek deg med til Lom og Lillehammer, Romsdal og Røros, Kongsberg og Kristiania - og spenner frå Henrik...
kr 409.00
Mer informasjon
Avhandlinga Livshistorier på landsmål. Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen ? eit lesebokprogram blir realisert handlar om den fyrste leseboka på landsmål som kom i tre bind i tida 1902 ? 1906. Mest som ei moderne form for sjølvbiografisk iscenesetjing...
kr 350.00
Mer informasjon
Arvid Torgeir Lie (1938-2020) er blant dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida - original, nyskapande, overraskande og høgt verdsett av forfattarkollegaer.

Med bakgrunn i gruvesamfunnet Åmdals verk i Tokke kommune skreiv...
kr 399.00
Mer informasjon