Bilde av Vere Og Døy - Døy å Vere Av Kjartan Hatløy

Vere Og Døy - Døy å Vere Av Kjartan Hatløy

«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?»

Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge.

Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere.

«Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.

Pris: kr 174.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris
Vere Og Døy - Døy å Vere Av Kjartan Hatløy Se butikk kr 199
TILBUD! kr 174.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON