Åtte forteljingar om barnefattigdom

Andrea ligg vaken om natta og er redd for at mamma skal døy. Elias ser pappa klikka på dopseljarane som heng utanfor blokka der dei bur. Georg opnar vindauget, det er midt på natta og han vil rømma heimanfrå.

Andrea, Elias og Georg har ein ting til felles: Dei er blant dei rundt 111 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. To til tre barn i ein vanleg skuleklasse er fattige. Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land?

Folka du møter i boka, er åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn - familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom. Dei fortel om den evige kampen for å mildna konsekvensane av fattigdom i eit land prega av overflod. Dette handlar om barna som bur trongare og i dårlegare husvêre, og som er meir utsette både for fysiske og psykiske sjukdommar.

Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng. Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Perspektivet deira manglar på foreldremøta som konkluderer med at 100 kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. Forteljingane deira manglar når politikarane får gjennom kutt i trygda for å gjera det meir attraktivt å arbeida. Dei er fråverande når samfunnet blir bygd opp rundt kjernefamiliar med råd til å eiga eigen bustad. Dette er historiene deira.

Maria Lavik (f. 1984) kjem frå Eksingedalen, men er busett i Oslo. Lavik er journalist og har blant anna arbeidd i Klassekampen og NRK. No er ho tilsett i Vårt Land.
Pris: kr 391.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 391.00 |
Besøk butikk |
Det finnes en gjenstridig myte om at Norge rundt 1900 var et fattig og tilbakeliggende land, sam-
menlignet med andre europeiske stater og nasjoner. Slik var det definitivt ikke, slik denne boka vil vise. Norge lå langt fremme når det gjaldt...
kr 399.00
Mer informasjon
De fattige i Lódz er historien om den jødiske ghettoen som nazistene opprettet i 1940 i den polske byen Lódz. Og det er ikke minst historien om dens leder, jøden Mordechai Chaim Rumkowski, og hans spesielle og tvetydige rolle i forbindelse med utryddelsen...
kr 159.00
Mer informasjon
Brevromanen handler om den forkuede skriveren Devusjkin og hans kjæreste Varvara, som begge bukker under i kampen for selvaktelse. Hun inngår til slutt et ulykkelig ekteskap.
kr 181.00
Mer informasjon
Hva kjennetegner de kreative prosessene bak det kritikerroste TV-dramaet slik det vokste fram på slutten av 1990-tallet? Hva særpreger det amerikanske versus det danske? Og hvordan jobber forfatterne i Norge, når de får utfolde seg i «Kampen for...
kr 299.00
Mer informasjon