Sidan livet for ein stor del består av å gjera stadig nye feilgrep som me sjeldan lærer noko av, er forsvarstalen den sjangeren me menneske brukar mest, og alltid må beherska dersom me ikkje ynskjer å gå gjennom livet med knekt nase og utslegne tenner både til kvardag og fest.

Apologi (gr. apologia), forsvar, forsvarsskrift eller forsvarstale, sett saman av dei greske orda apo- (for-) og logos (tanke, ord, filosofi, fornuft). I utgangspunktet skal då ein apologi levera eit forsvar for fornuftig åtferd, i motsetnad til handlingane våre gjennom livet. Men trass alt - å leva er å gjera store og små feil, som folkevisdomen plar seia. Det er no i alle fall ei trøyst, men om ein no lærer noko av feila, er meir omstridt.

Tvisyn - sjølve kjennemerket på den store inspirasjonskjelda A.O. Vinje, som med ujamne mellomrom dukkar opp på og mellom linene i desse tekstane. Talet 13 er sjølvsagt ikkje tilfeldig: Det er jo eit djevelsk dusin. Difor forsvarar eg eit og anna som folk ikkje likar no til dags.

Om forfattaren:
Jon Severud, pensjonert lektor og forfattar, no busett i Danmark. Har hatt fleire verv, mellom anna i Utdanningsforbundet, og gitt ut ei rad bøker. Mellom desse Ubehaget i skolen, Universitetsforlaget 2002, Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O.Vinje, Samlaget 2010, Shit happens, Spartacus 2006 (med Jarle Rasmussen), Ordbok for underklassen, Spartacus 2014 (med Arne Klyve) og Skikk og bruk for underklassen, Spartacus 2017 (med Arne Klyve og Trond Hofvind)
Pris: kr 273.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 273.00 |
Besøk butikk |
Justin (ca. 100-165 e. Kr.) var en av den kristne kirkens tidligste fedre. I denne boken, som er skrevet omkring år 150 e. Kr., tar han et oppgjør med den statlig godkjente forfølgelsen av de kristne i romerriket.
kr 272.00
Mer informasjon
Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Men Vinje var meir enn...
kr 296.00
Mer informasjon
Ivar var dårlig i nesten all slags gymnastikk, men rask på 60-meteren og strøk nå som en blå vind ut i skolegården før de andre, før alle i klassen og nesten alle på hele skolen, opp bakken forbi den røde låven der det luktet ekkel kumøkk,...
kr 198.00
Mer informasjon
Ny og utvidet utgave: Sliter du med tåketale på jobben? Bruker ledelsen stadig nye moteord fra næringsliv og byråkrati? Nå trenger du ikke lenger søke håndhevelsesbistand* fra nærmeste kaospilot. Les denne boka og ta språket tilbake!

Lenge...
kr 140.00
Mer informasjon