Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Men Vinje var meir enn ein målmann, han var også internasjonalist. I denne boka blir det internasjonale perspektivet i journalistikken hans løfta fram og analysert.
Vinje sine mest aktive år som skribent, frå midten av 1800-talet, fell saman med ei uroleg tid i Europa, med Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864 og Italias samling. Han hadde meiningar om det meste, også utvandringa til Amerika og den storstilte industrialiseringa som gjekk føre seg i Storbritannia. Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og ironisk, kunnskapsrik og folkeleg. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon, og han såg også på sitt eiga heimland i eit europeisk stormaktsperspektiv. Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale - helst europeiske - perspektivet har i liten grad vore kommentert i ettertida.
Pris: kr 296.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 296.00 |
Besøk butikk |
Sidan livet for ein stor del består av å gjera stadig nye feilgrep som me sjeldan lærer noko av, er forsvarstalen den sjangeren me menneske brukar mest, og alltid må beherska dersom me ikkje ynskjer å gå gjennom livet med knekt nase og utslegne...
kr 273.00
Mer informasjon
Ivar var dårlig i nesten all slags gymnastikk, men rask på 60-meteren og strøk nå som en blå vind ut i skolegården før de andre, før alle i klassen og nesten alle på hele skolen, opp bakken forbi den røde låven der det luktet ekkel kumøkk,...
kr 198.00
Mer informasjon
Ny og utvidet utgave: Sliter du med tåketale på jobben? Bruker ledelsen stadig nye moteord fra næringsliv og byråkrati? Nå trenger du ikke lenger søke håndhevelsesbistand* fra nærmeste kaospilot. Les denne boka og ta språket tilbake!

Lenge...
kr 140.00
Mer informasjon
Hvilke krefter selger unna og river ned? Hvor finnes motkrefter? Kan markedsgjøringen og destruksjonen stoppes, og hva kan repareres?

- Det er sterke, nesten naturgitte krefter som bidrar til at vi får større forskjeller i Norge,...
kr 273.00
Mer informasjon