Dømd til døden.

Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta.

Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane.

Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid.

I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?

Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.
Pris: kr 305.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 305.00 |
Besøk butikk |
Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten...
kr 409.00
Mer informasjon
I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ?trollkvinner? dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar,...
kr 249.00
Mer informasjon
Verdien av eit barn

Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo
i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs...
kr 391.00
Mer informasjon
Trondheim, 1749. Maria er tater og hamnar på tukthus. Der må ho tilpasse seg miljøet på innsida av murane. Det viser seg at vennskap kan oppstå på dei mest ugjestmilde stader, likevel er tanken på flukt aldri langt unna.
kr 215.00
Mer informasjon