I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ?trollkvinner? dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ?klok kone? i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga.
Pris: kr 249.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

kr 249.00 | Besøk butikk |
Dømd til døden.

Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta.

Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av...
kr 305.00
Mer informasjon
Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten...
kr 409.00
Mer informasjon
Verdien av eit barn

Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo
i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs...
kr 391.00
Mer informasjon
Trondheim, 1749. Maria er tater og hamnar på tukthus. Der må ho tilpasse seg miljøet på innsida av murane. Det viser seg at vennskap kan oppstå på dei mest ugjestmilde stader, likevel er tanken på flukt aldri langt unna.
kr 215.00
Mer informasjon