Bilde av Den Store Utferda Av Nils Olav Østrem
 

Den Store Utferda Av Nils Olav Østrem

<br/>Enkeltmenneska som utvandra til Amerika gjorde det i ein kulturell samanheng. Det var ikkje berre flukta frå fattigdom som gjorde at folk vandra ut. På 1830-talet var det ikkje religionsfridom i Noreg, og dei som stod utanfor statskyrkja, kunne ikkje praktisera trua si fritt. I Amerika var det annleis. Etter pionerutvandringa, som hadde sterke religiøse motiv, blei det sendt mengder av «amerikabrev» heim til gamlelandet. Mange skjolda- og vatsbuarar hadde etter kvart slektningar «over there» som dei lengta etter å få sjå igjen. Det var mange som «drog etter». <br/> <br/>Denne boka legg an eit mikrohistorisk perspektiv på utvandringa frå eit bygdesamfunn på Vestlandet til Amerika i perioden 1837 til 1914. Vi følgjer enkeltpersonar og familiar frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei på mange måtar heilt ny verd. Boka er rikt kjeldebelagd og byggjer på ny forsking om utvandringsmotiv. Ho gir eit verdifullt tilskot til både lokal- og mentalitetshistorieforskinga.

Pris: kr 399.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Den Store Utferda Av Nils Olav Østrem Se butikk kr 399.00 Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON