Ein prest omtala stunda då han såg det første juletreet som ein guddommeleg augneblink, og ein eldre mann som i guteåra hadde det første møtet med treet i prestegarden i Jølster, uttrykte seg slik: «Vi kom frå kjøkenet og inn i stova. Det var som å koma i det aller heilagaste.» Du grøne, glitrande fortel historia til ein av våre kjæraste juletradisjonar. Ho er full av overraskingar. Det første juletreet vart reist og pynta i Alsace på 1500-talet, og for knapt to hundre år sidan kom tradisjonen til Noreg. Mange opplevde synet av juletreet som eit vedunder medan andre såg på det som avgudsdyrking. Boka syner at treet, med røter heilt tilbake til heidendommen, vart det fremste kristne julesymbolet. Korleis vart denne skikken så utruleg populær? Kva er meininga bak pynten? Kva gjorde dei som ikkje hadde tilgang på skog eller råd til juletre? Bli med Oddgeir Bruaset på ei stemningsfull vandring gjennom juletreskogen, til juletrefestar som samla heile bygder, og til folk som fortel om juletreet dei aldri gløymer. Oddgeir Bruaset er mannen bak tv-suksessen «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og ei rad populære bøker. Oddgeir Bruaset vart fødd i Måndalen i Romsdal i adventstida i 1944 og er journalist, forfattar og programleiar. Mest kjend er han frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» (2001 2014). Han er også ein etterspurd foredragshaldar. Han har skrive fleire bestseljarar, mellom anna Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har teke imot ei rad prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009 og heidersprisen under Gullruten i 2015.
Pris: kr 391.00 fra Norli
Butikk | Pris | |
---|---|---|
TILBUD! kr 391.00 |
Besøk butikk |
Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i serien? Denne boka byr på eit hjarteleg gjensyn. <br/> <br/>NRK-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære tv-seriane...
kr 299.00
Mer informasjon
Historiene om hvordan våre kjente og kjære julesanger ble til. Sanger vi lærte som barn, og sanger som vi vil gi videre til våre egne barn og barnebarn. Oddgeir Bruaset gir oss innblikk i mange av de fascinerende historiene om hvordan våre kjente...
kr 363.00
Mer informasjon
God, gammeldags julestemning mellom to permer.Basert på NRK-programmet med nesten en million seere!Den populære TV-serien gikk i hele 13 sesonger før det var slutt i fjor høst. I denne boken har Oddgeir Bruaset satt seg fore å finne ut hvordan folk...
kr 409.00
Mer informasjon
For første gong på norsk ein omfattande antologi med moderne lyrikk fra Irland:<br/>Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F.Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran.<br/>Ni sentrale engelskspråklege...
kr 272.00
Mer informasjon