Bilde av Grøne Dikt
 

Grøne Dikt

For første gong på norsk ein omfattande antologi med moderne lyrikk fra Irland:<br/>Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F.Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran.<br/>Ni sentrale engelskspråklege poetar frå ”den grøne øya” – eit land der poesien gror sterkt og i ulike retningar. ”Det irske” er overbevisande til stades, og når ein ser på det litterære landskapet i fugleperspektiv, er dette eit heilt anna land enn til dømes England som har ein meir akademisk prega litteratur.<br/>Her er irsk natur, folkeliv, historie, og for ein norsk lesar er det dessutan slåande i kor stor grad forteljinga lever i denne lyrikken.<br/>Gjendiktarane Knut Ødegård og Jostein Sæbøe, har utstyrt boka med eit etterord som gjer klåre riss av utviklinga av den irske lyrikken – ei stor dikting som trer fram innanfor Irlands dramatiske historie..

Pris: kr 272.00 fra Norli

Butikk Produktnavn Lagerstus Pris  
Grøne Dikt Se butikk kr 299
TILBUD! kr 272.00
Besøk butikk

Relaterte produkter

Copyright © 2024. Alle rettigheter.
Alle merker - Alle butikker - KUPONGKODER - INFORMASJON