Magi i juletreskogen

Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på.
Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg?

Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet.

Line Dybedal (1988) er låtskrivar og musikar frå Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK Super-serien Bli med heim og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar.

Line Renslebråten (1980) er forfattar og illustratør busett i Asker. Ho har mellom anna skrive og illustrert Under polarisen og Virkelighetens monstre, samt illustrert den brageprisnominerte Blåhvalen.
Pris: kr 288.00 fra Norli
Butikk | Pris | |

TILBUD! kr 288.00 |
Besøk butikk |
Lær om tøffe maskiner med denne solide skumboka, som rommer tre enkle 4-biters puslespill med motiver fra byggeplassen.

Å pusle øver opp finmotorikk og formsans. Sett sammen de tre puslespillene og få fire flotte bilder av tøffe...
kr 90.00
Mer informasjon
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande...
kr 363.00
Mer informasjon
Forfattar Liv Paulsen er oppteken av at kvart einskilt menneske har det same menneskeverdet, og at det ligg ei høgtid i det alminnelege levde liv. Gjennom ord og dikting kan liv og sjel bindast saman.

Dikta er ei samling «skisser...
kr 279.00
Mer informasjon
I Syngande hjarte tar forfattar og fotograf Irene R. Mjelde lesaren med på ei forrykande reise - gjennom verkelegheita til sju vestlendingar med heilt ekstraordinære liv.
Undertittelen er Vestlendingar som vågar, og det desse modige sjelene...
kr 399.00
Mer informasjon